Illustrasjonsfoto: Bitmap
Fråfall og praksistenking i skulen
DEBATT: Så er debatten i gang igjen, om fråfallet i den vidaregåande skulen. Rett nok meir konkret og meir målretta enn tidlegare, etter at kunnskapsminister Kristin Halvorsen har teke fatt i eit problem som skulen har levd med om lag på same nivået - vekslande mellom nokre og tjue og tretti prosent - no i minst femten år.
Kommentar

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har arbeidd ved Universitetet i Bergen og Université March Bloch i Strasbourg. Han arbeidde 1996-98 med kunst- og kulturformidling ved HiS og har vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger (tidl. HiS) sidan 2002. M.a. leiar for mastergradsprogrammet i lesevitskap og Literacy Studies.
90-tals-reformene til Gudmund Hernes bygde på ein amerikansk grunnidé, formulert av filosofen E.D. Hirsch Jr.: Medlemmer av eit samfunn må ha sams referansar. Eit program for "cultural literacy" skulle forbetre kulturelle orienteringsevner. I Noreg var forlag bekymra over ein langvarig nedgang i boksal, noko som fekk mange til å trekkje den (feil-)slutninga at ny ungdom las lite. Angsten for påverknad utanfrå og "kulturkrasjet" som vart mykje diskutert på den tida, verka inn.
Sidan har PISA-undersøkingane gjeve talmessig grunnlag for å hevde at prestasjonane til norske elevar i rekning, lesing og skriving er nokså middelmådige, for øvrig gjennomsnittleg om lag på line med Frankrike. Resultatet hjå oss har ført til krav om mindre demokrati, i Frankrike om meir demokrati og deltaking. PISA var jo noko av grunnlaget for at Kristin Clemet som kunnskapsminister innførte leseprøver og rekneprøver, og også ville ha skriveprøver - noko som forsvann under statsrådstida til Reidar Djupedal, noko ein kan vurdere som uheldig. Når berre visse sider ved leseevnene blir testa og brukt som generelt grunnlag for å vurdere prestasjonane i norsk, så er det kjelde til fleire typar feilslutningar. I alle høve vert synet på norskfaget meir abstrakt, meir prega av innhaldsforståing og lausrivne emne.
Høgre-leiar Erna Solberg har gått ut mot diktanalyse i yrkesfagleg studieretning. Dermed kritiserer ho i realiteten partifellen Kristin Clemet og hennar omlegging av vidaregåande-systemet ved at det då vart slutt på ulike læreplanar i allmennfaglege og yrkesfaglege retningar. Ein kan seie at heile vidaregåande dermed vart meir teoretisk. Spørsmålet er om ein berre reknar "teoretisk" som det motsette av "praktisk" eller nevenyttig, men i så fall gjev det lita meining. "Teori" er rett nok eit ord som kjem frå det greske verbet "theorein", som opphavleg tyder å skode gudane eller å sjå med gudeblikk. Den moderne bruken av omgrepet er ikkje meir mystisk enn at det handlar om å betrakte eit saksforhold systematisk slik at det blir mogleg å gjere seg opp ei meining om det. Ein tømmermann eller snikkar må forstå modellar og planteikningar, dermed geometri. I service-yrke kan ein ikkje komme utanom ei viss forståing av bokføring og økonomi; ingen yrke i dag er elles fri for rapportering og planleggingsdokument, så ein må kunne tenkje hypotetisk, i det minste. Det er også grenser for kor langt ein kan drive anvendt matematikk, ingen kan forstå grunnprinsippa for ein mobiltelefon utan teoretisk matematikk, t.d. Såleis hadde nok Clemet fundamentalt rett i å satse på "grunnleggjande ferdigheiter"; problemet er berre at vi i Noreg framleis har alt for lite kunnskap om korleis slike ferdigheiter fungerer for folk i kvardagen.
Diktanalyse er eit heller dårleg døme på overflødige emne i yrkesfagopplæringa: Grundig analyse av fortetta tekstar lærer oss alltid noko om nivå i tenking og språk og om mogelege nye, kanskje uventa, oppfatningar og førestellingar. Å ta vekk øving i kreativ tenking og dessutan litt kjennskap til felleskulturen, er kanskje ikkje beste løysinga. Likevel er eg samd med Solberg i at særleg yrkesfaga, men også heile vidaregåande, gjerne kunne hatt eit tettare samband til den praktiske verda, med sine kreative utfordringar og ikkje minst, evne til samarbeid og løysingsorientering. Kristin Halvorsen legg no vekt på oppnåing av praksisbrev for skuletrøytte ungdomsskuleelevar, som med tid og stunder kan komme over i løp som gir fagbrev.
Det store spørsmålet vil bli: Kor skal dei lærarane kome frå, som skal tenkje meir praktisk og utoverretta, og som skal bli ein bindelekk til samfunnet utanfor skulen? Rett nok skal praktisk-estetiske fag ha ein stor plass i barneskulen, og partiet SV brukar ha stor tru på tidleg innøving eller indoktrinering. Men vil det bere langt nok, når praktiske fag skal ha liten plass i ungdomstrinnet (5.-10.) i den nye grunnskulelærarutdanninga, og når ingen i det heile ser ut til å ha kvalifiserte meiningar om kva for type lærarar vi treng i vidaregåande skule? Ein kan ikkje berre komme med dekret om at lærarane plutseleg skal kunne heilt andre ting enn dei er utdanna for eller har erfaring med.
Her har vi likevel litt å byggje på gjennom diverse arbeid ved UiS, såleis det nye lektorprogrammet (for dei som vil bli lærarar i ungdomsskulen og i vidaregåande). Slike tiltak kan tilpassast mange samarbeidsformer og emne. Så langt er Rogaland Fylkeskommune ein av dei få offentlege instansar som har gått inn i systematisk samarbeid med eit universitet om slikt utviklingsarbeid. På denne bakgrunnen kunne Rogaland teke både Solberg og Halvorsen alvorleg, og oversjå eventuelt partikjekkel. Som eg ofte før har sagt og skrive, mellom anna her: No trengst det systematisk samarbeid om lærlingeplassar og om innhaldet i skulen, mellom offentleg skuleverk og næringsliv. Kven vil gå i brodden for utviklingsprosjekt?
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Publisert: 22.02.10 - Del på Facebook
Ny AFP kommer
DEBATT. Nye vedtekter for avtalefestet pensjon (AFP) er på tra...
> Les mer | 09.09.10Stor mulighet
DEBATT: Selv med en relativt beskjeden vridning mot flere jobb...
> Les mer | 07.09.10Oljeparadokset
DEBATT: I mange år framover må den voksende etterspørselen ett...
> Les mer | 06.08.10Liker vindenergi
DEBATT: I begynnelsen av juni besøkte jeg, sammen med represen...
> Les mer | 06.08.10



















