Illustrasjonsfoto: Istockphoto
Fordumming eller forvansking?
DEBATT: Ein liten mediedebatt rulla litt fram og tilbake i starten av haustsemesteret -09: Var norske studentar blitt dummare dei siste ti åra? Det var professor Jostein Gripsrud, Universitetet i Bergen (opphavleg er han frå Stavanger) som peika på funn han og ein kollega hadde gjort, med omsyn til kva nye studentar har kjennskap til om kunst, litteratur, europeisk kultur.
Kommentar

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen har arbeidd ved Universitetet i Bergen og Université March Bloch i Strasbourg. Han arbeidde 1996-98 med kunst- og kulturformidling ved HiS og har vore professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger (tidl. HiS) sidan 2002. M.a. leiar for mastergradsprogrammet i lesevitskap og Literacy Studies.
Rett nok har det, som forfattaren Hans E. Kinck ein gong sa, heilt sidan Homers tid vore vanleg for den eldre generasjonen å klage over vitlause, duglause og kunnskapslause ungdommar. Skulle det alltid vore rett, ville sivilisasjonen aldri ha oppstått. Eg trur ikkje folk i dag er dummare enn dei var før eller omvendt. Men der er ulike vilkår for vurdering av handlingsrom og forståingar av kva som er viktig. Som når ei fakultetsleiing ved Universitetet i Stavanger synest at dette fylket med sine reiselivstradisjonar og internasjonale relasjonar godt kan klare seg utan framandspråksopplæring.
Gripsrud stadfeste likevel etter mi meining ein tendens i mange slag undersøkingar over ca. 20 år: Eitt lite sjikt av unge er aktive på mange område og tileignar seg breie kunnskapar og røynsler, eitt lite sjikt i motsett ende av skalaen er lite aktive og tilsvarande lite orienterte - men eit "mellomsjikt" av unge som ikkje lenger har fellesreferansar til sentrale element i norsk og europeisk kultur, ser ut til å breie seg.
Populærkulturen kan seiast å ha ein "hovudstraum" med sine moter og rørsler, og iflg. Gripsrud rettar dei fleste seg etter denne. I samanlikning med ei undersøking frå 1998 er det svært mange sentrale forfattarar og kunstnarar, forutan musikalske og ulike andre kulturelle sjangrar, som er langt meir ukjende for ungdommen. Det ser ikkje ut til at nettbruken veg opp for alminneleg kulturell aktivitet eller interesse; kjendisinteresse, dataspel, web-tv, gambling, aksjehandel osb. dominerer medan det likevel også er bruk av nettaviser, kunstnettstader, ordbøker og leksika.
Bruken av Wikipedia er no så omfattande at mange lærebøker føreset bruken av dette nett-leksikonet - som ikkje er svært mykje meir til å stole på enn mangt anna ein finn av friviljug utlagt stoff på nettet, sjølv om der eksisterer ei form for brukar-kontroll ved at folk rettar, kan det like gjerne skje i forvirrande eller feil retning. Aldri har ein hatt så bruk for å lære kjeldekritikk i skule og media som no. Og det spørst om den kritiske haldninga nokon gong har vore veikare, mange nøyer seg med tilfeldige opplysningar, uansett alder.
Med litt omsut og trening lærer nye studentar seg alltids å orientere seg på meir sakssvarande måtar enn kva dei har snubla seg til på eiga hand. Å studere er trass i alt å endre seg. Men om ein no slår saman Gripsruds høgst tentative funn med meir omfattande forsking, så viser det seg frå store arbeid som er utført av Jofrid Karner Smidt og Cecilie Naper, båe knytte til bibliotekarutdanninga ved Høgskolen i Oslo, at når det gjeld bokval og andre kulturval som er knytte til lesing, så er den gjengse orienteringa mellom norske biblioteksbrukarar og lesarar allment massivt gjennomsnittleg: Nordmenn vel lesestoff i flokk, og går i liten grad utanfor det som blir oppfatta som gjengs og alminneleg.
Resultatet av slikt kan ein merke til kvardags som universitetslærar, også overfor storlesarar og velorienterte folk. Dersom ikkje studentane nett har vore mykje i utlandet, er store delar av europeisk kultur mest som lukka bøker for dei. Isolasjonismen er den same kringom i Europa. På ein liten konferanse i Birmingham høyrde eg ein engelsk historieprofessor sukke over ei undersøking han hadde hatt, som viste at engelsk skuleungdom meinte England hadde vore med i to krigar: Krigen mot vikingane og Golf-krigen. For oss som heile tida minnest 2. Verdskrigen over alt, gløymer vi gjerne at ungdommen treng vite om noko anna enn tap og sigrar i Noreg. Westphalerfreden, Napoleonskrigane som grunnlag for 1814, Versailles-traktaten, bakgrunnen for menneskerettserklæringa(ne) osb. osb. er no nokså ukjende storleikar, liksom Shakespeare, Molière og Goethe berre er framande namn - skjønt populærkulturen har fremja ei viss ny interesse for Dante, sagaer og heltedikt...
Det ser rett og slett ut til at heile skuleverket treng tenkje igjennom kva Noreg treng kunne for å skjøne si eiga rolle i verda, og her har alle med meiningar ei rolle å spele.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen
Publisert: 03.02.10 - Del på Facebook
Oljeparadokset
DEBATT: I mange år framover må den voksende etterspørselen ett...
> Les mer | 06.08.10Liker vindenergi
DEBATT: I begynnelsen av juni besøkte jeg, sammen med represen...
> Les mer | 06.08.10Om svaner
DEBATT: Hvor ellers i verden kan du sitte på soldekket og skue over en by som byr på en herlig blanding av gammelt og nytt, en småby og storby på én gang? Midt i sentrum og nyte utsikten - fra torget,...
> Les mer | 04.08.10Bane til besvær
DEBATT: Bybanen er langt fra på skinner! Nå skal tallknuserne ...
> Les mer | 27.06.10



















